Berekraftig stadutvikling : verktøy for å vurdere ulike utbyggingsalternativ
Original version
Svardal, S. Berekraftig stadutvikling : verktøy for å vurdere ulike utbyggingsalternativ. Bø: Telemarksforsking, 2011Abstract
Det er gjennomført arbeidsmøte med planforum i Midt-Telemark som ein del av eit prosjekt som skal bidra til å utvikle eit meir attraktivt Midt-Telemark. Basert på tidlegare utarbeidde framtidsbilde, samt ein gjennomgang av ulike andre metodar for å vurdere berekraft i utbyggingsprosjekt er det definert eit sett indikatorar og kriterie som skal kunne nyttast i utbyggingsprosjekt, både for å definere mål og ambisjonar, og for i etterkant å kunne evaluere måloppnåing for prosjekta. Det er lagt til grunn ei forståing av berekraftig utvikling, der både økonomiske. økologiske og sosiokulturelle dimensjonar skal takast omsyn til. Vidare er det lagt vekt på å lage eit verktøy som er enkelt i bruk, og som særleg tar vare på kravet om transparens i vedtak rundt planprosessar.