Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøyseng, Sigrid
dc.date.accessioned2008-07-31T12:01:30Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:21:56Z
dc.date.available2008-07-31T12:01:30Z
dc.date.available2017-04-20T06:21:56Z
dc.date.issued2007
dc.identifier.issn0802-3662
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439533
dc.description.abstractUtgangspunktet for dette forskingsoppdraget er to utfordringar Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) står overfor i dag: Nedgang i medlemstalet og stor og tungrodd organisasjonsstruktur. På bakgrunn av desse to utfordringane tar forskingsprosjektet sikte på å undersøkje følgjande problemstillingar: 1) Kva er det som motiverer og eventuelt demotiverer medlemmene til å delta i laget sine aktivitetar? 2) Korleis fungerer organisasjonsstrukturen i dag, og kva kan eventuelt gjerast for å gjere denne betre eigna for BUL anno 2007 og vidare fram? Rapporten byggjer på fleire typar materiale: observasjon av møte og aktivitetar, analyse av dokument og intervju av fokusgrupper. Fokusgruppeintervjua er den delen av materialet som er mest framtredande i rapporten. Bondeungdomslaget i Oslo blei etablert i 1899 som ein del av den frilyndte ungdomslagsrørsla. Med dette plasserte BUL seg innanfor ein særskild ideologi med folkeopplysning og norskdom som sentrale stikkord. Dette forskingsprosjektet viser at den breie ideologien BUL er etablert med utgangspunkt i, ikkje gir meining for medlemmene av i dag. Medlemmene gir uttrykk for mange og ulike verdistandpunkt. Dette tyder at BUL no må diskutere seg fram eit ideologisk fundament som opnar for forskjellar og heterogenitet. Det treng ikkje å bety at BUL mister særpreget sitt. Uttrykk som "å vere kulturberar"o g "å forvalte den nasjonale kulturarven" representerer verdiar som mange av dagens medlemmer finn meiningsfulle. Organisasjonsstrukturen i BUL speglar den ideologien BUL blei oppretta innanfor. Strukturen er kompleks med mange råd, styrer, utval og nemnder. Modellen byggjer på aktive medlemmer som investerer mykje i dei demokratiske prosessane internt. Talet på verv er no urimeleg høgt i forhold til talet på medlemmer. Samtidig som det er blitt færre medlemmer til å ta på seg verva, er medlemmene blitt mindre motiverte for å engasjere seg i styre og stell. Dei er primært medlemmer av BUL fordi dei ønskjer å drive med bestemte aktivitetar. Det er aktivitetane i særlaga og miljøet rundt aktivitetane som først og fremst motiverer medlemmene. Dei fortel med stor entusiasme om moroa og miljøet dei opplever i særlaga. BUL er samtidig prega av stor frustrasjon over organisasjonsstrukturen og organisasjonskulturen. Det er for lang veg frå idé til handling. For å gjere denne vegen kortare må BUL forenkle organisasjonsstrukturen og vitalisere organisasjonskulturen. Ein bør i tillegg vurdere alternativ som avdramatiserer medlemskapen i BUL. Kanskje er tida inne for lausare og mindre forpliktande tilknytingar? At den breie ideologien som BUL har som sitt fundament, ikkje lenger gir meining for medlemmene, rører også ved forholdet mellom særlaga og hovudlaget. Grunngjevinga bak relasjonane mellom hovudlaget og særlaga er i dag uklar. Forholdet mellom eit av særlaga, Idrottslaget, og hovudlaget har ei lang og konfliktfylt historie. Denne saka bør finne ei løysing, men den må løftast over det nivået kor det er historisk nag og personleg stoltheit som styrer.
dc.language.isonno
dc.publisherTelemarksforsking
dc.relation.ispartofseriesArbeidsrapport 2/2007
dc.subjectorganisasjonsanalyse
dc.subjectBondeungdomslaget
dc.titleInn i ei ny tid : organisasjonsanalyse av Bondeungdomslaget i Oslo
dc.typeWorking paper
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright Telemarksforsking
dc.subject.nsi242


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel