Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHjelmbrekke, Sigbjørn
dc.contributor.authorBerge, Ola K.
dc.date.accessioned2011-03-08T13:35:34Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:21:56Z
dc.date.available2011-03-08T13:35:34Z
dc.date.available2017-04-20T06:21:56Z
dc.date.issued2010-09-01
dc.identifier.isbn978-82-7401-385-8
dc.identifier.issn1501-9918
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439532
dc.description.abstractTelemarksforsking har på oppdrag frå Norges Musikkorps Forbund sett nærare på fråfallet frå musikkorpsa i Noreg. Medan rekrutteringa er jamt god, opplever ein i aukande grad at musikantane fell frå etter kvart som dei blir meir og meir viktige for korpset. Dette er sjølvsagt eit problem for musikkorpsa. Prosjektrapporten ”Når hornet er lagt på hylla” fokuserer på fråfall i brei forstand, og ser også på dei samfunnsmessige konsekvensane av fenomenet. Medan fråfall for den einskilde organisasjonen er ei utfordring, kan det same fråfallet vere eit demokratisk gode. Fleire og betre kulturtilbod, i heile landet, gjer at barn og unge har meir å velje i - og dermed ein større moglegheit for å finne fram til ”deira” aktivitet. Ein slik seleksjonsprosess fører nødvendigvis med seg bortval like mykje som val. Rapporten fokuserer dermed mykje på kva Norges Musikkorps Forbund sjølv kan gjere for å leggje til rette for at flest mogleg igjen og igjen vel musikkorps som aktivitet i ein konkurranseutsett fritidsaktivitetsmarknad. Konkrete tiltak som blir vektlagt i rapporten er m.a. styrking av dirigentkompetansen, auka fokus på individuelle behov, betre talentutvikling, styrking av individuell instrumentopplæring og større fokus på gode førebilete, lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Forskingsrapporten gjev vidare eit innblikk i og analyse av utviklinga av medlemsmassen i Norges Musikkorps Forbund frå 1996 fram til 2010, for byane Oslo og Bergen og fylka Buskerud og Østfold.
dc.language.isonno
dc.publisherTelemarksforsking
dc.relation.ispartofseriesRapport 275
dc.subjectmusikkorps
dc.subjectrekruttering
dc.subjectfrafall
dc.titleNår hornet er lagt på hylla : fråfall av tenåringar frå musikkorps
dc.typeResearch report
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright 2010 Telemarksforsking
dc.subject.nsi119


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel