Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBerge, Ola K.
dc.coverage.spatialTelemark
dc.date.accessioned2010-03-31T09:05:07Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:21:49Z
dc.date.available2010-03-31T09:05:07Z
dc.date.available2017-04-20T06:21:49Z
dc.date.issued2009-12-20
dc.identifier.isbn978-82-7401-350-6
dc.identifier.issn1891-053X
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439517
dc.description.abstractForskingsnotatet ”Fem historier om Kulturskatten”, er resultatet av ei undersøking av kva tyding oppdrag for Kulturskatten har for kunstnarar og kunsten deira , basert på personlege djubdeintervju med fem Telemarkskunstnarar. Turnéorganisasjonen Kulturskatten er Telemark fylkeskommune sin turnéorganisasjon, som skal realisere profesjonelle kunst og kulturopplevingar i Den kulturelle skolesekken. Eit primært spørsmål i undersøkinga er om Kulturskatten er med på å gjere det økonomisk mogleg for kunstnarar å drive yrkesaktivt med kunst, noko informantane langt på veg stadfestar. Oppdrag for Kulturskatten tyder temmeleg mykje for kunstnarane reint økonomisk, i somme tilfeller er dei heilt avgjerande for å utløyse kunstnarisk arbeid eller sikre satsing på kunst som heiltidsyrke. Kulturskatten gjev imidlertid ikkje kunstnarar høve til fast arbeid eller lengre engasjement over tid. Engasjementa er korte og med få forpliktingar for arbeidsgjevar. Fleire av våre informantar er difor ikkje fullt ut nøgde med Kulturskatten sin oppdragspolitikk. Det er i hovudsak ikkje sjølve honorarstorleiken som engasjerer fleire av kunstnarane, men korleis turnéorganisasjonen stiller seg til spørsmålet om sosiale rettar ved t.d. sjukdom eller svangerskap. Kunstnar- og kunstmarknaden i Noreg i dag er prega av svært hard konkurranse. Det er stadig fleire kunstnarar tilgjengeleg enn det er oppdrag. Våre informantar meiner DKS, i tillegg til å vere ein viktig økonomisk faktor, er med på å opne ein ny marknad for mange av kunstnarane, ein viktig rekrutteringsarena der ein kan syne seg fram, ein stad der ein får sjansen. Fleire av informantane fortel om korleis omgjevnadane reagerar med skepsis på risikoen rundt yrkesvalet deira. På eit praktisk plan vil ein sterk lokal arbeidsgjevar som Kulturskatten gjere det lettare å forsvare eit slikt val, rett og slett fordi arbeidsmarknaden blir større gjennom ordninga. Kombinasjonen av at det verkeleg er meir arbeid og kjensla av at yrkesvalet blir oppfatta som realistisk, aukar risikoviljen i kunstnarpopulasjonen. Baksida av denne logikken er sjølvsagt at dette blir ein falsk tryggleik – det er ikkje arbeid nok til alle – og at ein slik held overrekrutteringa av kunstnarar ved like og bidrar til deira elendige inntektssituasjon. Kunstnarane vi intervjua kunne fortelje om intense men givande arbeidsdagar på turné for Kulturskatten. Dei fleste oppgjev at dei er slitne etter slike turnear, men at dei ikkje kjenner dei som for belastande. Dei syns dei har godt høve til å påverke eigen turneplan, og -omfang. Dette blir vurdert som viktig utifrå individuelle omsyn til kunstform, kunstnaren sin alder og andre faktorar. På same tid rommar kunstnaryrket ei rad dilemma og paradoks. For sjølv om skuleturnear på den eine sida kan representere etterlengta struktur, ein slags arbeidslivsmessig normalitet, kan dei og vere kunstnarleg og kroppsleg slitsame. Likevel er ikkje arbeidstidene noko informantane meiner dei har grunn til å klage over. Snarare tvert om. Dessutan følgjer alle opp med at dei kjenner seg ivaretekne i og gjennom ordninga – ingen kjenner seg pressa av Kulturskatten til å gjere meir enn dei sjølv ynskjer.'
dc.language.isonno
dc.publisherTelemarksforsking
dc.relation.ispartofseriesTF-notat 3/2010
dc.subjectkunstnere
dc.subjectkulturpolitikk
dc.subjectkulturøkonomi
dc.titleFem historier om Kulturskatten : effekten av oppdrag for Kulturskatten for fem kunstnarar og kunsten deira i Telemark
dc.typeWorking paper
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright Telemarksforsking
dc.subject.nsi061
dc.subject.nsi210


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel