Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHjelmbrekke, Sigbjørn
dc.date.accessioned2011-10-13T12:16:23Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:21:47Z
dc.date.available2011-10-13T12:16:23Z
dc.date.available2017-04-20T06:21:47Z
dc.date.issued2011-01-31
dc.identifier.isbn978-82-7401-426-8
dc.identifier.issn1891-053X
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439513
dc.description.abstractDette notatet går gjennom forsking, analysar, statistikk og ein del synsing rundt utviklinga i konsertmarknaden. Det ser også på nokre tendensar i platesalet som kan kasta lys over konsertmarknaden. Ulike oppfatningar er haldne opp mot kvarandre og mot økonomisk teori i ein freistnad på å danna eit heilskapleg bilete. Målsetnaden var å finna utviklingstendensar av relevans for norske klubbscener. Grunnlagsmaterialet på dette feltet er tynt. Det meste av innhaldet i rapporten tek difor føre seg tendensar langt vekke frå desse scenene, men det dannar eit viktig bakteppe og vil ha relevans for klubbscenene i den grad ting kan generaliserast frå land til land. Platesalet har gått kraftig nedover dei siste ti åra. Ein stor del av nedgangen er det vanleg å tilskriva den ulovlege fildelinga. Tida vil visa om trenden held fram. Fleire framhevar at det ser ut til å vera ei større breidd i platesalet enn før: folk kjøper plater av fleire ulike artistar. Teorien bak dette er særs plausibel, og for USA er det rimeleg godt dokumentert at dette er tilfelle. Inntektene frå konsertar har jamt over vore stigande over lang tid. Tal frå både Noreg, Sverige, Storbritannia og USA viser dette. Amerikanske studiar viser tydeleg at billettprisane har auka kraftig, og det er vanleg oppfatning at det same er tilfelle i Noreg og Sverige. Om det er dei store eller dei minste artistane som tener på utviklinga, er det delte meiningar om. Nokre trur små og ukjende artistar har lettare for å tena pengar enn før, medan andre meiner superstjernene tek stadig meir. Det ser i alle tilfelle ut til at gamle artistar dreg ein større del av publikum enn tidlegare. Dette har vore forsøkt kopla til fildeling, men i våre auge er ikkje argumentasjonen overtydande. I tillegg til at det finst lite kunnskap om økonomien i den norske konsertmarknaden, gjer den raske veksten i festivalar det ekstra vanskeleg å seia noko om vilkåra for klubbscenene.
dc.language.isonno
dc.publisherTelemarksforsking
dc.relation.ispartofseriesTF-notat 1/2011
dc.subjectmusikkonserter
dc.subjectøkonomi
dc.subjectkulturøkonomi
dc.titleDeling av musikk og pengar
dc.typeWorking paper
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright Telemarksforsking
dc.subject.nsi212
dc.subject.nsi242


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel