Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHøystad, Ole Martin
dc.date.accessioned2006-06-27T14:22:42Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:27:56Z
dc.date.available2006-06-27T14:22:42Z
dc.date.available2017-04-19T13:27:56Z
dc.date.issued2005
dc.identifier.issn1503-3767
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439170
dc.description.abstractDenne artikkelen handlar om forholdet mellom kjenslene og hjernen, korleis vårt kjensleliv er bestemt og betinga av korleis hjernen biologisk er oppbygd og nevrofysiologisk er sett saman. Artikkelen er ei vidareføring av eller eit tillegg til boka Hjertets kulturhistorie. Frå antikken til vår tid (Spartacus 2003) som handlar om korleis hjertet er blitt oppfatta i ulike kulturar til ulike tider. Utgangspunktet for Hjertets kulturhistorie er Sigrid Undsets kjente – og diskutable – ord om at menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dage. I alle kulturar er hjertet metafor og symbol på samvit, kjensler og kjærleik. Hjertet er såleis kongesymbolet på alt vi finn verdfullt menneskeleg, og det er stadig eit ideal å vere trufast mot og følgje hjertet sitt. Bakgrunnen for at hjertet er blitt det sentrale symbolet på kjenslene i vår og andre kulturar, er at hjertet er symptom på kjenslene. Hjertet slår litt heftigare når det er noko vi reagerer emosjonelt på, og dårleg samvit blir opplevd som eit stikk i hjertet. Derfor er hjertet blitt oppfatta som sete og kjelde for kjenslene. I dag veit vi at kjenslene ikkje oppstår i hjertet, at hjertet ytre sett er eit symptom som i enkelte situasjonar og samanhengar reagerer på impulsar frå hjernen. For det er hjernen som styrer kjenslene og sender sine impulsar til ulike kroppsdelar, bl.a. til hjertet som ’får beskjed’ om å slå litt raskare og pumpe ut litt meir blod når det er noko vi reagerer kjenslemessig på. Derfor er det grunnlag for å hevde at hjertet og alt det representerer emosjonelt, eigentleg sit i hjernen. Det er grunnlaget for ein slik påstand og hjernens rolle i vårt kjensleliv denne artikkelen handlar om, der eg særleg tar for meg ein del av den naturvitskaplege litteraturen om kjenslelivet.
dc.format.extent212822 bytes
dc.format.mimetypeapplication/pdf
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.relation.ispartofseriesHiT skrift
dc.subjectFølelser
dc.subjectBiologi
dc.subjectReduksjonisme
dc.subjectHjernen
dc.subjectHjertet
dc.titleHjertet i hjernen : det biologiske grunnlaget for kjenslene
dc.typeResearch report
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© The Authors/Telemark University College
dc.subject.nsi470
dc.subject.nsi075


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel