Studentar i oppdrag : ein rapport som oppsummerer utført arbeid og røynsler frå prosjektet "Nyskaping som samarbeidsprosess mellom SMB og HiT", 1998-2000
Working paper
Published version
View/ Open
Date
2000Metadata
Show full item recordCollections
- HiT notat [22]
Abstract
Det er ikkje noko nytt i at studentar ved Høgskolen i Telemark tar utgangspunkt i konkrete bedrifter/organisasjonar når dei som lekk i utdanninga gjer sitt prosjektarbeid. Det ein kan seie er nytt i dette prosjektet ”Nyskaping som samarbeidsprosess mellom SMB og HiT” er at vi tok sikte på eit tett samarbeid med bedriftene, at fokus var sett på nyskaping/utvikling og at vi hadde fleire ressursar å sette inn både i enkeltprosjekta og i nettverket. 21 studentar organisert i 7 grupper har arbeidd med kvar si(n) bedrift/organisasjon. Kvar gruppe har hatt ein rettleiar. Det har vore jamnlege kontaktmøte mellom rettleiarane i løpet av skoleåret, der ulike problem er tatt opp. 6 av gruppene leverte prosjektrapport innan fristen 15. april 1999. Den siste gruppa fall frå, og ny gruppe overtok i studieåret 1999/2000. Denne leverte rapport innan fristen 15.04.2000. ”Småbedriftsdagen 99” blei arrangert 18 mars. Her møtte representantar for alle dei 7 verksemdene. Vi meiner det må kunne framhevast ein del positive side ved dette SMB-prosjektet som ein ikkje ville fått i same grad gjennom den ordinære ordninga: Kontakt med nye verksemder både gjennom prosjektarbeidet og Småbedriftsdagen, større nytteverdi for oppdragsgivar når denne er sterkare involvert i arbeidet, større læringsverdi for studentane når oppdragsgivar er engasjert og stiller krav, ressursar til meir omfattande rettleiing og oppfølgjing, ressursar til meir omfattande undersøkingar og kontaktverksemd.