Nok tilfang med tekstar på nynorsk for nynorskelevane?
Abstract
Denne masteroppgåva tek føre seg nynorsk- og fellesutgåvene i dei nyaste trykte læremidla i norskfaget for ungdomstrinnet, og granskar kjenneteikn og tilfanget av tekstar på nynorsk i desse. Trass i at nynorsk og bokmål likestilt i dei nye læreplanane, syner resultat frå denne studien at det ikkje er alle læremidla som har lukkast i å likestille dei to skriftspråka.
Det empiriske materialet er basert på åtte trykte læremiddel frå dei fire forlaga Aschehoug, Cappelen Damm, Fagbokforlaget og Gyldendal, og alle dei undersøkte læremidla vart gjeven ut i samband med Kunnskapsløftet 2020.
Studien er ein kvalitativ innhaldsanalyse som skal finne svar på problemstillinga:
Kva for nynorsktekstar vert elevar på 8. – 10. trinn inviterte til å lese gjennom dei trykte læremidla i norskfaget, og kva kjenneteiknar desse tekstane?
Analysen har munna ut i seks hovudfunn, der det første funnet syner at nynorsktekstar er i mindretal i tre av fire læreverk og samla sett. Det andre funnet er at kvinnelege forfattarar er representert med færre tekstar enn dei mannlege, og slår samstundes fast at det ikkje eksisterer ein kanon blant nynorskforfattarane. Vidare peikar det tredje funnet på at skjønnlitteratur og sakprosa ikkje er likestilt i læremidla, medan det fjerde funnet fortel at eit fleirtal av tekstane elevane vert presenterte for er henta frå nyare tid, mellom 2010 og 2021. Det femte funnet stadfestar at dei fleste av tekstane i læremidla er gitt att i form av heil tekst, medan det sjette og siste funnet er at to av forlaga i stor grad presenterer sakprosatekstar som er omsette frå bokmål.