dc.description.abstract | Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden (Meld. St. 21(2020-21), 2021) skal innførast over ein 10-års periode i vidaregåande opplæring. Dette er den største reforma i vidaregåande opplæring på 30 år og har ringverknader for karriererettleiinga i grunnopplæringa. Dei politiske målsetjingane med denne reforma er å gje alle like rettar til å stille på same startstrek med like moglegheiter for å skape seg gode liv, førebu befolkninga til å lære heile livet og at 9 av10 skal fullføre VGO med studie- og/eller yrkeskompetanse innan 2030. Ein ser at det er stor samanheng mellom fullføring av vidaregåande opplæring og varig tilknyting til arbeidslivet. I denne oppgåva har eg brukt Carol Bacchi si kritiske diskursanalyse kalla «What’s the `problem´ represented to be?», forkorta som WPRmetoden for å finne dei mest dominerande diskursane i dokumentet og kva konsekvensar desse kan ha for karriererettleiinga i grunnopplæringa. WPR-metoden høyrer heime i poststrukturalismen, og er eit verktøy som blir brukt til å granske vanleg aksepterte kategoriseringar og styringspraksisar. Eg ynskjer å kaste lys over verdigrunnlaget og kunnskapen som ligg til grunn i dette politiske styringsdokumentet. I teoridelen har eg brukt Ronald Sultana sine tre hovuddiskursar innan karriererettleiing, den teknokratiske, den humanistiske og den frigjerande diskursen. I tillegg har det vore føremålstenleg å nytta supplerande teori som på ulikt vis kan koplast til dei tre hovuddiskursane. Eg har derfor teke med nyliberalistisk ideologi, humankapital, skulen sitt doble mandat og sosial rettferd. Funna i studien viser at den humanistiske diskursen er til stades, men at den teknokratiske diskursen er mest dominerande. Studien viser også at ulike måtar å definera karriererettleiing på kan gje ulike forståingar for kva karriererettleiingstenesta skal innehalde. Her fann eg at Fullføringsreforma ikkje fremjar den frigjerande diskursen i stor nok grad. Eit anna vesentleg funn er at utdanning/danning står i eit hierarkisk forhold som gjer at identitetsdanninga fort blir lågare prioritert enn formell utdanning, noko som også kan setje den frigjerande diskursen i ein underlegen posisjon i forhold til dei to andre diskursane. Dette kan føre til at karriererettleiinga i grunnopplæringa fort kan bli eit instrument til å produsera humankapital. | |