A si moi
Abstract
Denne avhandlinga tek utgangspunkt i det å ha lokal tekstiltradisjon som inngang til eige skapande arbeid.
Undersøkinga byggjer på ulike sider ved kulturarvforståing og handlar om å synleggjere delar av den immaterielle kulturarven slik at kunnskap frå den kan vere lett tilgjengeleg og ikkje bli gløymd. Sentralt i arbeidet står spørsmålet om korleis det å studere eldre tekstilar kan gje rom for å reflektere over eiga tid og tematikkane som opptek ein i den kulturen ein sjølv er i. Gjennom tendensar kring miljøproblematikk som pregar samtida, ynskjer eg å belyse korleis kunnskap frå kulturen vi har kan bidra til å ta ei personleg, berekraftig haldning kring tekstilar.
Kunnskap om og kunnskap gjennom er to nøkkelomgrep i denne undersøkinga, der eg både ser på skilnaden som ligg i desse, men også korleis tradisjonar kan vidareførast dersom dei ulike formane for kunnskap er sett saman.
Utgangspunktet for arbeidet ligg i registrering av kvite, broderte forkle og skaut frå Åmli frå midten av 1800-talet. Saman med kunnskap frå møte med tradisjonsberarar og gjennom arkivdokument etter Anna Grostøl om tekstiltradisjonar frå Åmli står dette som grunnlag for ei analyse som er gjort i denne undersøkinga. Med kunnskap om dei lokale tekstiltradisjonane frå Åmli og det emosjonelle verdisynet eg har knytt til tekstilane, har eg gått inn i eige skapande arbeid der forståinga av den immaterielle kulturarven blir djupare med kunnskap gjennom handverket eg fører. Gjennom det skapande arbeidet mitt føyer eg meg inn i ei lang rekke av kvinner som har vidareført tekstilt handverk med alt det inneber; både kunnskap, handverksferdigheiter, haldningar, interesse og omsorg. Ved å ta del i tradisjonen, kan gjenstandane som blir igjen etter meg, stå som spor etter tida eg sjølv har tatt til meg kunnskapen frå den immaterielle kulturarven i og vere noko dei som kjem etter kan ta til seg som det passar i deira tid.
Slik handlar denne undersøkinga om å synleggjere korleis ein kan hente ut kunnskap frå kulturen vi har som kan vere relevant i tida og kulturen ein sjølv er ein del av.