Brukarmedverknad i tannhelsetenesta – ei kvalitativ studie om erfaringar blant pasientar med behov for tilrettelagt tannbehandling i TOO
Moe, Ingrid Kristin; Sjursen, Therese Thornton; Aarvik, Regina Skavhellen; Tveito, Torill Helene; Agdal, Maren Gry Lillehaug
Journal article, Peer reviewed
Published version
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Moe, I. K., Sjursent, T. T., Aarvik, R. S., Tveito, T. H., & Agdal, M. L. (2022). Brukarmedverknad i tannhelsetenesta – ei kvalitativ studie om erfaringar blant pasientar med behov for tilrettelagt tannbehandling i TOO. Den norske tannlegeforenings tidende, 132(11), 928-935. https://doi.org/10.56373/2022-11-4Abstract
Bakgrunn: Brukarmedverknad er i vinden i mange norske helsetenester, men forfattarane kjenner ikkje til norske publiserte studiar om brukarmedverknad i tannhelsetenesta. Studien har til mål å undersøka korleis brukarar av TOO har opplevd mogelegheita for brukarmedverknad i møte med tannhelsetenestene. TOO er eit tilrettelagt behandlingstilbod for pasientar som har vore utsett for tortur, overgrep, og/eller har odontofobi.
Metode: Kvalitativ metode med ni individuelle intervju. Deltakarane er brukarar av TOO, som av ulike årsaker har særleg behov for tilrettelagt tannbehandling. Tematisk tekstanalyse vart nytta til analyse av datamaterialet.
Resultat: Deltakarane har varierande forståing av konseptet brukarmedverknad. Dei har hatt positive erfaringar med brukarmedverknad på individnivå i TOO, men har lite erfaringar med brukarmedverknad i tannhelsetenesta tidlegare. Dei har ingen erfaringar med brukarmedverknad på systemnivå. Dei meiner at betre informasjon og kommunikasjon kan gjera tannhelsetenestene betre. For å legga betre til rette for brukarmedverknad i tannbehandling peikar deltakarane mellom anna på å bruka god tid, og at pasientane blir sett og lytta til.
Konklusjon: Deltakarane meiner at meir bruk av brukarmedverknad i tannhelsetenesta kan vera med å forebygga vegring for tannbehandling ved at fleire får gode opplevingar i møte med tannhelsetenesta. Det bør difor vera meir fokus på brukarmedverknad i tannhelsetenesta.