Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorPedersen, Per Egil
dc.contributor.authorFristad, Gøril
dc.date.accessioned2022-03-16T17:41:20Z
dc.date.issued2022
dc.identifierno.usn:wiseflow:6495249:48703358
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2985677
dc.description.abstractI Noreg legg ein ned mykje tid på frivillig arbeid. Ein type frivillig arbeid vert utøvd ved REKO-ringane, eit konsept som er i stadig vekst og utbreiing i landet. I eit samfunn som stadig endrast har eg vore oppteken av kva som gjer at nokre organisasjonar utviklar seg og overlever, mens andre dør ut. Eg har hatt ein hypotese om at god leiing har mykje å seie for utviklinga. Det kan då vere avgjerande for organisasjonen kven som leiar og korleis det vert leia. I samband med studiet innan innovasjon og leiing vart eg presentert for REKO-konseptet, og fann det så interessant at eg har følgt utviklinga over tid. Eg ønskte å få djupare kompetanse om fenomenet, og har difor valt å nytte det som case for masteroppgåva mi. I denne studien har eg sett nærmare på motivasjon for leiing REKO-ringen, og kva for effektar innovasjonen har på leiaren. Eg har sett på korleis leiarane årsaksforklarer at dei tok på seg leiarrolla, kva behov leiarrolla er med på å fylle, og kva som ligg i sjølve leiarrolla. Eg har også sett på kva verdiar leiarane meiner er viktige ved REKO-ringane , og kva effektar det får for både leiinga og ringen. Studien er basert på kvalitativ forskingsmetode og eg har gjennomført semi-strukturerte intervju med seks leiarar. Studien er inspirert av Grounded Theory, og med koding og strukturering i fleire nivå, og eg har difor ikkje eit fast rameverk som grunnlag for analyse og drøfting av funn, men fleire sentrale teoriar. Eg har funne verdiar som viktige motivasjonsfaktorar for leiarar av REKO-ringane i området, og andre sentrale motivasjonsfaktorar. Eg har også funne at leiarane har ei noko uklår rolleoppfatning. Dette gjer at ringane vert leia på ulike måtar, og med ulikt resultat. Leiarane er i ulik grad medvitne om si eiga rolle og mulegheita ein har til å påverke. Tittelen på oppgåva «Då reiser ein ikkje til REKO-ringen for å kjøpe egg, men for å handle» er eit sitat til ein av leiarane, og eg meiner det illustrerer kva mulegheit som finns i REKO-konseptet. Nøkkelord: Leiing, verdibasert leiing, leiarrolla, motivasjon, innovasjon, frivillig arbeid, frivilligheit
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleDå reiser du ikkje til REKO-ringen for å kjøpe egg, men for å handle
dc.typeMaster thesis


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel