Fem spørsmål om skriftkultur
Original version
https://doi.org/10.23865/ noasp.67Abstract
Denne artikkelen er ein lettare omarbeidd versjon av eit innlegg som eg heldt på eit kriftkultursymposium i Volda i juni 2018, der eg prøver å gi svar på alle dei fem spørsmåla som arrangørane stilte til dei inviterte føredragshaldarane. Moderne skriftkulturstudiar, ikkje minst i Volda, har vore prega av eit ønske om å ikkje reprodusere dei nasjonsbyggjande morsmålsfaga som t.d. norsk, og dei har dermed vore organiserte tverrfagleg og komparativt. Skriftkultur som studieretning, her eksemplifisert med Peter Stein, har vore mindre optimistisk på vegner av skrifta enn den engelskspråklege literacy-konstruksjonen. Den framtidige skriftkulturforskinga bør konsentrere seg om korleis oraliteten lever idare i skrifta, og om den pressa posisjonen til skrifta mellom oraliteten og bileta. Det banale spørsmålet om
skriftkulturar burde forvaltast, får eit svært kort svar her. Og til spørsmålet om kva nynorsken kan bidra med på det globale planet, ligg svaret i det særlege innslaget av oralitet som alltid har danna grunnlaget for nynorsken.
Description
This work is licensed under a Creative Commons Attribution 4.0 International License.