Soga om høgskulen i Bø. Telemark distriktshøgskole og Høgskolen i Telemark
Book
Updated version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2592281Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Den 29. mai 1970 avgjorde stortingsfleirtalet (87 – 57) å leggje distriktshøgskulen i Telemark til Bø. Fleirtalet var overraskande stort. Sterke krefter hadde i debatten før vedtaket satsa på å plassere den nye institusjonen i Grenland. Kvifor sigra Bø? Boka drøftar dette spørsmålet – og viser mellom anna til den sterke stillinga distriktspolitikken hadde på denne tid. For Bø var plasseringsvedtaket krevjande og utfordrande. Høgskulen måtte byggjast opp frå grunnen av. Det meste av framstillinga i boka tek for seg denne utviklinga. Den omfattar perioden fram til 1994, då Bø-høgskolen vart ein av dei største distriktshøgskolane ï landet, og tida etter, som del av Høgskolen i Telemark (HiT), då grenlandsinteressene, under andre politisk-ideologiske rammevilkår, fekk «hemn» ved å plassere leiinga av den fusjonerte høgskulen i Porsgrunn. Men Campus Bø utgjorde heile tida ein heilt sentral del av den nye institusjonen. Tema som blir drøfta går både på den faglege utviklinga, korleis institusjonen vart organisert og styrt, og forholdet til bygda og til regionen. Dette dreiar seg både om kva dei nye utdanningsgruppene og studia hadde å seie for utviklinga, og kva rolle den nye studentgruppa hadde i denne samanhengen. Høgskulen vart ein av dei største og mest stabile arbeidsplassane i Bø, og ein motor i utviklinga av bygda. Framstillinga går fram til 2016, då HiT vart ein del av Høgskolen i Søraust-Noreg (frå 2018 universitet). Då låg kommunen på toppen i landet ndg relativ vekst i folketalet – med vel 6000 innbyggjarar, mot knapt 4000 i 1970.