Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLønning, Dag Jørund
dc.contributor.authorSvardal, Solveig
dc.date.accessioned2007-12-11T14:41:57Z
dc.date.accessioned2017-04-20T06:27:33Z
dc.date.available2007-12-11T14:41:57Z
dc.date.available2017-04-20T06:27:33Z
dc.date.issued2005
dc.identifier.issn0802-3662
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439919
dc.description.abstractSykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv handlar om å dyrke og utvikle det unike, med utgangspunkt i sykling i landskapet. Sykkelen skil seg klart frå mange andre transportmiddel ved at den på ein heilt annan måte gjer det mogleg å stoppe og gå inn i landskapet. Sykling inviterer til oppdagingsferd i samanhengande assosiasjonslandskap. Rapporten tek til orde for å redusere den sterke fokuseringa på å utvikle og leggje til rette for fastlagde løyper mellom fastlagde punkt. Ei slik einsidig satsing utnyttar ikkje potensialet som ligg i turistens eigen oppdagingstrong. Det er avgjerande å skaffe merksemd for å oppnå suksess. Det må takast utgangspunkt i det som vekkjer interesse for Noreg som reisemål; fjell, fjord, vakker urørt natur. Utifrå desse attraksjonsverdiane må det leiast ut regionale opplevingstema som igjen dannar basis for regionale kulturøkonomiske sykkelguidar. Tilrådinga er utleia av ein modell for kulturøkonomisk reiselivsutvikling, som synleggjer tilhøvet mellom kollektive og private gode i eit kulturelt landskap. Eit samanhengande kulturelt landskap er eit attraktivt reisemål, der kultur og lokale produkt spelar saman. Dette er verdiakkumulerande prosessar med mange vinnarar og få eller ingen taparar. Modellen syner svært klart at reiselivsprodukt som t.d. sykkelturisme, må utviklast som ein del av og integrert i eit lokalt landskap. Målsetjinga må vere å gje tilgjenge til det lokale, og reiselivsplanlegging og utvikling må nettopp ha samankopling av reisande og fastbuande som mål.
dc.language.isonno
dc.publisherTelemarksforsking
dc.relation.ispartofseriesArbeidsrapport 23/2005
dc.subjectSykling
dc.subjectSykkelturisme
dc.subjectKulturøkonomi
dc.subjectReiselivsutvikling
dc.titleSykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv
dc.typeWorking paper
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright Telemarksforsking
dc.subject.nsi290
dc.subject.nsi212


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel