Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv
Abstract
Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv handlar om å dyrke og utvikle det unike, med utgangspunkt i sykling i landskapet. Sykkelen skil seg klart frå mange andre transportmiddel ved at den på ein heilt annan måte gjer det mogleg å stoppe og gå inn i landskapet. Sykling inviterer til oppdagingsferd i samanhengande assosiasjonslandskap. Rapporten tek til orde for å redusere den sterke fokuseringa på å utvikle og leggje til rette for fastlagde løyper mellom fastlagde punkt. Ei slik einsidig satsing utnyttar ikkje potensialet som ligg i turistens eigen oppdagingstrong. Det er avgjerande å skaffe merksemd for å oppnå suksess. Det må takast utgangspunkt i det som vekkjer interesse for Noreg som reisemål; fjell, fjord, vakker urørt natur. Utifrå desse attraksjonsverdiane må det leiast ut regionale opplevingstema som igjen dannar basis for regionale kulturøkonomiske sykkelguidar. Tilrådinga er utleia av ein modell for kulturøkonomisk reiselivsutvikling, som synleggjer tilhøvet mellom kollektive og private gode i eit kulturelt landskap. Eit samanhengande kulturelt landskap er eit attraktivt reisemål, der kultur og lokale produkt spelar saman. Dette er verdiakkumulerande prosessar med mange vinnarar og få eller ingen taparar. Modellen syner svært klart at reiselivsprodukt som t.d. sykkelturisme, må utviklast som ein del av og integrert i eit lokalt landskap. Målsetjinga må vere å gje tilgjenge til det lokale, og reiselivsplanlegging og utvikling må nettopp ha samankopling av reisande og fastbuande som mål.