Smak av Telemark : mat og matopplevingar ved Rauland Høgfjellshotell AS
Abstract
Sommaren 2009 vil Rauland Høgfjellshotell tilby smakar av mat og drikke frå Telemark på sin sommarbuffé. Seinare kan det og vera aktuelt med slike matprodukt i annan matservering ved hotellet. Dette prosjektet summerer opp samarbeidspartnarar (produsentar og leverandørar), særeigenheiter og opplevingar i tilknyting til produkt og produsent, kva hotellet kan bruke av dette, både i si formidling på hotellet og hjå produsenten, ved eventuelle besøk av grupper frå hotellet. Til slutt er det ein del forslag til konkret informasjonsmateriell, som Rauland Høgfjellshotell eventuelt kan bruke i ulike formidlingsaktivitetar på hotellet.