Tekst og tradisjon : M.B. Landstad 1802-2002
Research report
Published version
View/ Open
Date
2003Metadata
Show full item recordCollections
- HiT skrift [62]
Abstract
Institutt for kultur- og humanistiske fag ved Høgskolen i Telemark – Bø arrangerte fredag 4. oktober 2002 eit seminar ved 200-årsminnet for folkeminnesamlaren og salmediktaren M. B. Landstad. Landstad som vart fødd i Finnmark i 1802, levde nokre viktige år i Telemark, i Kviteseid og i Seljord. Han gav ut to av dei mest sentrale bøkene på 1800-talet – Norske Folkeviser (1853) og Kirke-Salmebog (1869). Tanken med seminaret var mellom anna å synleggjere breidda i Landstads forfattar- og utgjevingsarbeid, og å sjå Landstads innsats i ein vidare kontekst. Seminarforedraga – enkelte i noko utvida form – ligg med dette føre som trykt publikasjon.