Tempo og paradoks i mentalhistoriske endringar. Undset - Elias- Foucault
Research report
Published version
View/ Open
Date
2005Metadata
Show full item recordCollections
- HiT skrift [62]
Abstract
Ein av dei mest kjente debattane i det som kan kallast moderne norsk mentalitetshistorie, er debatten mellom professor i historie Edvard Bull på den eine sida og Sigrid Undset og hennes meiningsfelle, professor i litteraturhistorie Fredrik Paasche på den andre sida om kor raskt nordmenn vart kristne ikkje berre i namnet, men også i sjel og sinn i mellomalderen. Denne debatten er på mange måtar blitt representativ eller paradigmatisk for kor raskt mentalitetshistoriske endringar skjer, om kor nytt det nye er, og kor lenge det gamle overlever under andre historiske forhold og til andre tider. Debatten er både historiografisk og - med Foucaults termar – genealogisk, og den har sine internasjonale motstykke. Eit slikt internasjonalt motstykke er diskusjonen mellom mentalitetshistorikaren og sivilisasjonskritikaren Norbert Elias og kulturhistorikaren og etnologen Hans Petter Duerr. I fleire verk har Duerr kritisert hovudtesen til Norbert Elias om at dei nye mentalitets- og danningsideala ved overgang til moderniteten under og etter renessansen la grunnlag for tabuisering av viktige delar menneskelivet som i tidlegare tider, særleg i mellomalderen, i følgje Elias ikkje var gjenstand for skam og tabu. Det er mange likskapstrekk i desse to debattane, den norske og den europeiske. Debattane avdekker også nokre paradoks i mentalitetshistoriske prosessar som særleg Michel Foucault har hatt eit skarpt blikk for, for eksempel at dei tematisk sett konservative i desse to debattane erkjenningsteoretisk eller mentalitetshistorisk er dei mest radikale. Derfor kan det vere fruktbart å sette desse to debattane opp mot kvarandre for at dei gjensidig kan sette kvarandre i relieff. Slik kjem også nokre lange liner og historiske paradoks klarare fram og demonstrerer at ein kanskje skal vere varsam med å presse komplekst samansette historiske prosessar inn i stereotype eller ideologiske modellar.