Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAasmundsen, Anne
dc.contributor.authorIsaksen, Per Oddvar Marheim
dc.contributor.authorPrestholdt, Ragnar
dc.date.accessioned2007-06-14T08:37:40Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:27:50Z
dc.date.available2007-06-14T08:37:40Z
dc.date.available2017-04-19T13:27:50Z
dc.date.issued2007
dc.identifier.issn1503-3767
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439161
dc.description.abstractDenne gjesteundersøkinga er ei oppfølgjing av tilsvarande undersøking i 2004. Undersøkinga var gjennomført som ei spørjeundersøking blant turistane i Setesdal i juli og august 2006. Både gjennomføring og innhald i spørjeskjemaet er i hovudsak i tråd med undersøkinga for 2004. Ein ser at det er godt samsvar mellom resultata i dei to undersøkingane, noko som gir eit solid grunnlag for å vurdere marknaden i Setesdal om sommaren. Dei fleste turistane i Setesdal kjem frå Noreg, Nederland, Tyskland og Danmark. Nytt i denne undersøkinga er at det er fleire nederlendarar enn tyskarar i materialet. Dette samsvarar med SSB sin feriestatistikk for Agderfylka, der nederlendarar utgjorde flest reisande i juli. Ein kan, om mogleg, sjå starten på ein ny trend, der nederlandske turistar er spådd å auke i åra framover. Tala avviker likevel frå den nasjonale statistikken som viser at tyskarar er den største gruppa av utlendingar i Noreg både på sommaren og totalt i 2006. Mykje tyder på at Rv9 gjennom Setesdal er godt etablert som reiserute frå ferjesambandet på Sørlandet, og for mange er Setesdal første stopp på rundereisa i Noreg og truleg første møte med norsk natur. Relativt kort opphald på 2-3 dagar, bruk av eigne køyretøy og tilbakemeldingar på at Setesdal er lett å kome til eller passar godt i reiseruta, stadfestar at mange er på veg gjennom Setesdal. Likevel er det opplevinga av vakker natur og naturaktivitetane dei fleste verdset mest og har størst forventningar til i Setesdal. Dette må sjåast i samanheng med anna kunnskap om utanlandske turistar i Noreg, der natur, landskap og oppleving av stille og ro er viktige faktorar i val av Noreg som ferieland. Positive tilbakemeldingar tyder på at Setesdal har hatt ei god utvikling og har eit godt tilbod innan naturaktivitetar. Særleg er det dei mindre krevjande aktivitetane (mjuke aktivitetar) som vandring, fisking og sykling som har størst oppslutnad. Marknadsføringa, anten via nøgde gjester, eller bruk av internett, synest å bli viktigare og viktigare for alle reisande, og er såleis i tråd med det vi veit om bruk av informasjonskjelder. At utlendingane i tillegg nytter brosjyrar og reisehandbøker, kan tyde på at dei har vore i kontakt med turoperatørar via messer eller anna. Undersøkinga hadde eigne spørsmål for besøkande til Hovden. I dette kjem det fram at utlendingane oppheld seg lenger på Hovden enn nordmenn, med respektive tre dagar og ein dag. Det er framleis naturaktivitetane, og særleg fjellvandringar, som har størst oppslutnad blant turistane. Dei er generelt svært godt nøgd med mottakinga og gjestfridomen, men målber misnøye med byggeaktiviteten omkring Hovden.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.relation.ispartofseriesHiT skrift
dc.subjectSetesdal
dc.subjectMarknadsundersøkinger
dc.subjectSommarturistar
dc.subjectReiseruter
dc.subjectReiseliv
dc.subjectTurisme
dc.titleReiselivsundersøking i Setesdal 2006
dc.typeResearch report
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© The Authors/Telemark University College
dc.subject.nsi212


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel