Show simple item record

dc.contributor.authorEgeland, Rebecca
dc.coverage.spatialHylestad
dc.date.accessioned2016-09-26T08:22:47Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:20:01Z
dc.date.available2016-09-26T08:22:47Z
dc.date.available2017-04-19T13:20:01Z
dc.date.issued2016-09-26
dc.identifier.citationEgeland, R. ”I steva ligg hjarta til setesdølen.” - masteroppgåve om dagens nystevtradisjon i Hylestad. Master thesis, University College of Southeast Norway, 2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439105
dc.description.abstractOppgåva mi har vore å gjere greie for nystevtradisjonen i Hylestad i Valle kommune. Her har fokuset mitt vore på kva virke denne tradisjonen har i dagens Hylestad og kva som kan vere årsak til at nysteva har slått så sterk rot i bygda. Det har spesielt vore eit ynskje for meg å sjå på kva forhold dei som ikkje er folkemusikarar har til nysteva, samt å sjå på kva virke nysteva har i sosiale samband. Målet for oppgåva har vore å få svar på mi hypotese om at nystev er såpass kvardagsleg i Hylestad at ”alle” har eit forhold til det. Arbeidet mitt har grunn i innsamling gjort på 1800- og 1900-talet samt eigen innsamling. Mi innsamling i høve dette prosjektet har gått ut på å intervjue eit knippe folkemusikkutøvarar om korleis dei opplever at nystevtradisjonen i bygda har utvikla seg frå 1960-, 1970- og 1990-talet fram til slik tradisjonen er i dagens Hylestad. For å kome nærmare inn på bygdefolket sitt forhold til nystev har eg hatt spørjeundersøking som har vorte retta mot dei i bygda som ikkje er fokemusikkutøvarar. Målet med denne undersøkinga har vore å finne ut om nystevtradisjonen i Hylestad er noko andre enn folkemusikarar bryr seg om. Ei anna del av oppgåva går ut på å vise fram nystevfenomenet med å samanlikne kveding av nystev frå Hylestad framført av Torleiv H. Bjørgum, Gro Heddi Brokke, Kim André Rysstad og Sigrid Bjørgulvsdotter Berg som representerer eldre og yngre kvedarar frå bygda. Med denne oppgåva ynskjer eg å få fram kva plass nysteva har hatt og framleis har hjå Hylstringen. Eg har valt å sjå på dette med utgangspunkt i nystev som ein del av det sosiale samveret.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Sørøst-Norge
dc.subjectfolkemusikk
dc.subjectstev
dc.subjectnystev
dc.subjectkveding
dc.title”I steva ligg hjarta til setesdølen.” - masteroppgåve om dagens nystevtradisjon i Hylestad.
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi110


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record