Fivreld i formasjon : kan mental trening hjelpe folkemusikarar til ei betre sceneoppleving?
Abstract
Denne oppgåva omhandlar nervøsitet knytt opp folkemusikarar sin opptreden på scena. Her er intervju med sju norske folkemusikarar saman med materiale henta frå idrettspsykologi og coaching. Oppgåva gjev eit innsyn i korleis eit lite utval profesjonelle folkemusikarar tenkjer og føler rundt dette med å stå på ei scene, og nervøsiteten som eventuelt då oppstår. Vidare får ein her eit innsyn i idrettspsykologi i samband med mental trening i idrett, og også mentale øvingar frå min coaching- prosess med Arild Hoksnes. Spørsmålet eg stiller meg er om musikk og idrett har sopass mykje til felles at vi musikarar kan dra nytte av hjelpemiddel frå idrettspsykologi og coaching for å betre takle negativ nervøsitet. I denne oppgåva har eg nytta metoden kvalitative intervju og sjølv aktivt hatt eit eige treningsopplegg med mental teknikkar hjå eigen coach. Teoriane er henta frå folkemusikk, musikkformidling, idrettspsykologi og coaching. Både min eigen og andre sin tause kunnskap sviv nok også med. Kapittel 3 omhandlar sceneskrekk og kva vi musikarar blir påverka av og sjølve kan påverke. I kapittel 4 presenterar eg intervjua med dei sju musikarane, før vi går vidare til mental trening i idrettspsykologi i kapittel 5. Kapittel 6 omhandlar coaching og mentale teknikkar, og i tillegg har eg teke med øvingsteknikkar i dette kapittelet. Til slutt i kapittel 7 er det oppsummering og konklusjon ??og litt tankar om vegen vidare.