Svadilja, svadilja, la fløyta mi sva … Eit studium av endringane i den norske seljefløytetradisjonen det siste hundreåret
Original version
Moen, S. S. Svadilja, svadilja, la fløyta mi sva … Eit studium av endringane i den norske seljefløytetradisjonen det siste hundreåret. Master thesis, Telemark University College, 2013Abstract
Det siste hundreåret har den norske seljefløyta vore gjennom radikale endringar frå borkseljefløyte i gjetarlivet til at ho i dag vert laga av ulike materiale og nytta på konsertscena. Denne oppgåva tar føre seg denne utviklinga med vekt på revitaliseringa av seljefløyta på 1960-talet og den vidare utviklinga fram mot i dag. Gjennom historiske undersøkingar av borkseljefløyta, intervju med seljefløyteutøvarar i dag (musikarar og fløytemakarar) og undersøkingar av lydutgjevingar med seljefløyta har oppgåva som mål å gi eitt breitt bilete av endringane i denne tradisjonen. Desse endringane vert òg sett i lys av straumdrag i den norske folkemusikken førre hundreår, for å forklara nokre av tendensane me ser i denne utviklinga. Mi eiga utøving som seljefløytespelar og fløytemakar har eg brukt for å få ei betre forståing av desse endringane. Eg har i tillegg vore opptatt av å bruka element frå denne utviklinga i mi eiga utøving og har laga fløyter i tillegg til å gjera lydutprøvingar. Nokre av desse er spela inn på vedlagde CD-ar.