Show simple item record

dc.contributor.authorGarnes, Tone Svalastog
dc.date.accessioned2010-03-15T10:22:24Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:19:37Z
dc.date.available2010-03-15T10:22:24Z
dc.date.available2017-04-19T13:19:37Z
dc.date.issued2010-03-15T10:22:24Z
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2439076
dc.description.abstractÅkle er eit samleord for ei rekke bruksvevnader. Åkle vart bruka både dagleg og ved høgtid og fest. Ordet åkle kjem av det gamalnorske ordet ”áklædi”, som betyr å dekke over, ei breisle, eller det å kle noko med. Alt frå 1500-talet av, er åkle omtala i nordiske kjelder. Denne oppgåva er avgrensa til å handle om ei mindre gruppe åkle kalla spegelåkle. Desse åklea har, og har hatt, ein seremoniell funksjon ved hendingar og handlingar som dåp, konfirmasjon, vigsel, død og gravferd. Dei fleste er rikt ornamenterte, med eit sentralt plassert midtfelt kalla spegel. I spegelfeltet har dei fleste markerte formelement som åttebladroser, rombe, likearma kross, oktogon eller valknute. Element kjent både frå andre materiale og i mange kulturar, og som i ulike tradisjonar er tillagt meining. Spegelåkle har likskap med det muslimske bøneteppe både i utsjånad og funksjon, og ornamentikken har formelement som liknar samisk ornamentikk. Fleire forskarar meiner element i formspråket er henta frå koptisk tradisjon. I fleire åkle er flata delt inn i mange små ruter med repeterande geometriske formelement stilt på rekke og rad. Mest som velordna hagefelt og hagegangar, som i ein renessanse hage. Rutefelta kan og minne om felt med tekst, stiliserte bilete, skrift, mest som ei veggavis. Namnet spegelåkle, kjem av ordet spegel. Som rituell gjenstand er spegel kjend både frå skytiske graver, 5-600 år før vår tidsrekning, og frå kinesiske gravfunn heilt attende til år 700 før vår tidsrekning. Oppgåva hadde hovudfokus på meiningsinnhald, problemstillinga var: ”Kva meiningsinnhald kan ha blitt tillagt spegelåkle og spegelåkleet sitt formspråk, og korleis kan dette vidareførast som tema i eigne arbeid i vev, trykk og utstilling?” Funn i oppgåva viser at spegelåkleet er eit konkret uttrykk for eksistensielle tankar som er like sentrale for menneske i dag. Utøvande del av oppgåva, var tre arbeid i vev og trykk. Ei lang revle i avispapir, vel 20m l x 56 cm br, og pregtrykk i linfiber og metallfolie sett saman i eit kvadrat på 140x140. Arbeida vart vist samla som eit heile; revla gjekk rundt veggene i eit rom på 7x7 m, kvadratet sentralt plassert i romet litt opp frå golvnivå, dvs ordna slik flata i spegelåklea er organisert.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectåklær
dc.subjectveving
dc.subjectmotiver
dc.subjectgrafikk
dc.subjecttekstilkunst
dc.titleSpegelåkle - formspråk - meiningsinnhald
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi120


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record