Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFeet, Kristina
dc.date.accessioned2014-09-11T06:40:00Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:16:31Z
dc.date.available2014-09-11T06:40:00Z
dc.date.available2017-04-19T13:16:31Z
dc.date.issued2014
dc.identifier.citationFeet, K. Grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk: Ein studie av lærar- og elevsyn på korleis tileigning av grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk kan fremje motivasjon og meistring i skulen. Master thesis, Telemark University College, 2014
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438997
dc.description.abstractDenne oppgåva belyser lærar- og elevsynet på korleis tileigning av dei grunnleggande ferdigheitene i kunst og handverk kan fremje motivasjon og meistring. Vidare tek avhandlinga føre seg korleis dei grunnleggande ferdigheitene kjem til syne i det praktiskestetiske faget kunst og handverk. Det er fokus på korleis dei grunnleggande ferdigheitene vert utøvd i faget, samt kva opplevingar og tankar lærarane og elevane har i forhold til dette. Avhandlinga ser også på korleis elevane opplever å tileigne seg dei grunnleggande ferdigheitene gjennom eit praktisk-estetisk fag. Vidare er læringsutbytte, motivasjon og meistring sentrale tema i undersøkinga. Informantane fortel om sine opplevingar og tankar om korleis dei grunnleggande ferdigheitene vert integrert i skulen, samt korleis dette påverkar læringsutbyttet. Det vert vidare diskutert korleis ein best kan inkludere dei grunnleggande ferdigheitene i faget kunst og handverk, og om dette vil vere gunstig i forhold til læringsutbyttet hjå barn og unge. Ei anna vinkling er korleis teori og praksis vert foreina, og om dette kan føre til positive verknader i forhold til motivasjon og meistring hjå barn og unge. Ut i frå dette er problemstillinga som følgjande: Korleis kan tileigning av grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk fremje motivasjon og meistring i skulen? Oppgåva er basert på ein kvalitativ metode der eg bevegar meg innan eit fenomenologisk paradigme. I studien har eg valt å intervjue eit utval elevar og lærarar på ungdomstrinnet. Kvalitative metodar bygger på teoriar om menneskeleg fortolking og erfaring. Denne studien er basert på lærar- og elevsyn kring problematikken. Studien viser at dei grunnleggande ferdigheitene ikkje vert fokusert på i større grad i kunst og handverkundervisninga, trass i at både lærarar og elevar ser dei grunnleggande ferdigheitene som naturlege i faget. Undersøkinga viser at tileigning av ferdigheitene truleg fremjar motivasjon og meistring i skulen, men at det er fleire utfordringar i forhold til dette. Blant anna viser studien at både lærarar og elevar er urolege for ei teoretisering ved integrering av dei grunnleggande ferdigheitene. Lærarane ser det derfor som utfordrande å integrere og bevisstgjere ferdigheitene i sin undervisning. Vidare kan det tyde på at dei grunnleggande ferdigheitene ikkje er godt nok integrert i læreplanen for Kunnskapsløftet 2006. Målet med denne studien har vore å belyse lærar- og elevsynet om deira opplevingar kring dei grunnleggande ferdigheitene i faget kunst og handverk. Dette i håp om å kunne innhente informasjon om kunst og handverk og fagets fremjing av dei grunnleggande ferdigheitene. Eit anna sentralt mål er å sjå om tileigning av dei grunnleggande ferdigheitene i kunst og handverk kan fremje motivasjon og meistring i skulen.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectkunst og håndverk
dc.subjectmotivasjon
dc.subjectmestring
dc.subjectgrunnleggende ferdigheter
dc.subjectpraktisk-estetiske fag
dc.titleGrunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk: Ein studie av lærar- og elevsyn på korleis tileigning av grunnleggande ferdigheiter i kunst og handverk kan fremje motivasjon og meistring i skulen
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi280


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel