Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTveito, Tone Jorunn
dc.date.accessioned2014-02-24T14:15:03Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:09:13Z
dc.date.available2014-02-24T14:15:03Z
dc.date.available2017-04-19T13:09:13Z
dc.date.issued2005
dc.identifier.citationTveito, T.J. Tilstades. Opplevinga av stilla. Menneskje - Natur i levande dialog. Master thesis, Telemark University College, 2005
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438779
dc.descriptionThe multimedia files were created in Macromedia Director 8.5 Shockwave Studio
dc.description.abstractDenne avhandlinga har til føremål å skildre ein veremåte som eg kallar for ”opplevinga av stilla”. Med dette meiner eg ein indre tilstand som du får når du er tilstades og har kjensla av å vere i eitt med det rundt deg gjennom handling. Eg meiner opplevinga av stilla skapast i kroppslege tett-på møte i naturen, når du har aktive sansar og opne kjenslekanalar. Når du er så fasinert av noko at det kjennest som om blodet sitrar og du blir så konsentrert at det kjennest som om du er oppslukt av det du gjer og i eitt med det rundt deg. Andre tankar om det utanom, får ikkje sleppe til akkurat der og då. Å vere tilstades er prega av å vere i eit anna tidsmodus enn me er til vanleg, for her er det handlingane som styrer istaden for tida. Opplevinga av stilla har noko positivt over seg og gjev oss eit styrka selv. Eg belyser og kjenneteiknar tilstanden ”opplevinga av stilla” i kombinasjon med empiri bygd på mine eigne tett-på-møte i natur og i ljos av nokre relevante teoriar. Teoriane er henta frå den fenomenologiske tradisjonen, men dette i kombinasjon med perspektiv frå ”konstruktivisme” og gestaltfilosofi. Eg prøvar i ein hermeneutisk tradisjon å tolke, forstå og skildre denne veremåten for betre å forstå kva som hender i røynda. Fortolkinga mi inneber undring over både det som kan kjennast merkeleg, men også undring over det som kan verke sjølvsagt, men som likevel kanskje ikkje treng vere det. Eg konkluderar med at det er hovudsakleg fire elemet som heng saman i særmerkje av ”opplevinga av stilla”: tid, natur, det ubevisste og konsentrasjon. I vårt moderne informasjonssamfunn lever me i eit tyranni av augneblinkar, derfor mistar me heilskap og samanheng. For å oppleve heilskap, må me skille mellom dei handlingane som krev at TIDA skiftar modus frå rask til langsam. I naturen kjennest det som om sinnet ditt går inn i eit anna tidsmodus enn det me opplever i det moderne samfunnet. Grunnen er at i naturen regjerar handlingens tid der situasjonen styrer istaden for klokketida. I dette tidsmoduset er du prega av å gå heilt opp i det du gjer og tida verkar nullstilt. Vår oppfatning er at NATUREN er ”konstruert som noko ikkje-konstruert” og for å oppleve naturen må me oppleve han sanseleg. I naturen treng me ikkje ”isolere og kontrollere” sansane våre slik me må i eit samfunn som overlesser oss med informasjon. Naturen stimulerar sansane våre slik at dei kjennest meir vakne. Tett-på-møte i natur skapar nære relasjonar mellom deg og naturen. Dette skapar djupe opplevingar prega av at du har ein spesiell oppmerksomhet mot det rundt deg. Derfor gjev naturen meining, symboluttrykk og rom for subjektiv fortolkning. Nære relasjonar styrkar selvet. Bevisstheten kan romme om lag ein milliontedel av det me tar inn av informasjon gjennom sansereseptorane våre. Subliminal sansing som er knytt til UBEVISSTHETEN vår og det prerefleksive nivået, har aldri fått meir fokus enn i dag. Sansane er knytt til ubevisstheten og utgjer ein mykje større del av oss enn me trur. Tanken og språket er knytt til det bevisste, men ubevisstheten er knytt direkte til sansane våre. Ei sansande oppleving er derfor meir knytt til det ubevisste og har større påverknad på det mentale i oss enn det me kan oppfatte bevisst. Ei naturoppleving skil seg ut frå andre opplevingar ved at ho opplevast sanseleg og påverkar det mentale i oss. Fascinasjon, lyst og suggesjon til å utføre ei handling er med på å styrke KONSENTRASJONEN din. I tillegg kan miljø og ulike prosjekt vere med på å stimulere deg så mykje at du gjennom aktive sansar får auka konsentrasjon. Auka konsentrasjon gjev kjensla av å bli ”omslukt” av det du er i nær relasjon med.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectnaturen
dc.subjectkonsentrasjon
dc.subjectfenomenologi
dc.subjecttid
dc.subjectgestaltfilosofi
dc.subjectkonstruktivisme
dc.titleTilstades. Opplevinga av stilla. Menneskje - Natur i levande dialog
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi161


Tilhørende fil(er)

Thumbnail
Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel