Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAarhus, Rune
dc.date.accessioned2013-05-06T09:19:26Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:09:05Z
dc.date.available2013-05-06T09:19:26Z
dc.date.available2017-04-19T13:09:05Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.citationAarhus, R. Friluftsliv, kompetanse og verdiar - eit interesseperspektiv på debatten - Profesjonskamp til fjells?? Master thesis, Telemark University College, 2011
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438772
dc.description.abstractI denne oppgåva vert fokuset retta mot ulike aktørar i Noreg som har interesser knytt til opplæring og utdanning innanfor klatre- og fjellsport relaterte aktivitetar. Hausten 2008 tiltok ein debatt med tilnamnet ”profesjonskamp til fjells” innanfor desse miljøa, der nokre vert skulda for å ville ta ”monopol” på ein arbeidsmarknad som til no har vore ”open” for dei som sjølve meiner dei har dei rette kvalifikasjonar. Gjennom å sjå på tidlegare konfliktar og den omtalte debatten, har målet mitt vore å både dokumentere debatten og analysere den ut frå fleire perspektiv. Slik håpar eg å bidra til å klargjere enkelte aktørars underliggande interesser, legitimeringar og strategiar, både i den omtalte debatten, men og på andre arenaer der konfliktane vert synlege. Empirien i oppgåva er blitt til gjennom kvalitative metodar. Dokumentanalyse og intervju har vore sentralt. Ulike innlegg i debatten, arkivet til Norsk Fjellsportforum (NF) og andre tekstar knytt til tema for oppgåva har vore nytta. Fem kvalitative intervju med personar som har forksjellig tilknyting til klatre- og fjellsport miljøa i Noreg er gjennomført. Oppgåvas teoretiske grunnlag har hovudsakleg ei tredelt forankring. Gudmund Hernes teoriar omkring aktørars interesser er ein del av aktørperspektivet i oppgåva. For å syne til ei generell utvikling i friluftslivet, frå det uformelle til det meir formelle og organisera, nyttar eg teoriar av Ferdinand Tönnies. Dette er med å forklare ulike aktørars interesser og dermed konfliktar som oppstår. Den tredje teoretiske forankringa nyttar profesjonsteori, i hovudsak frå Ulf Torgersen, dette samanfell med profesjonskampen. Til saman utgjer desse teoretiske forankringane ein basis for å forstå og forklare ulike aktørars strategiar. For å synleggjere denne forståinga tyr eg til ein tredela samfunnsmodell som byggjer på tilhøva mellom det friviljuge, det offentleg og marknaden. Oppgåva syner til at det i Noreg føregjeng ein profesjonskamp innanfor klatre- og fjellsport miljøet. Oppgåva synleggjer og dei ulike aktørar sine strategiar og interesser for å nå sine mål. Det vert konkludert med at enkelte aktørar sine interesser, har grunnleggande forskjellar i haldninga til utøving av bratt friluftsliv. Det vert og peika på at dette kan få store konsekvensar for det vidare arbeid med friluftsliv i Noreg på generell basis.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Telemark
dc.subjectFriluftsliv
dc.subjectKlatring
dc.subjectFjellsport
dc.subjectKlatresport
dc.subjectProfesjonskamp
dc.subjectKompetanse
dc.titleFriluftsliv, kompetanse og verdiar - eit interesseperspektiv på debatten - Profesjonskamp til fjells?
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi339


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel