Kva står i VG? : ei analyse av korleis VG konstruerer diskursane trening og helse innan diskursorden livsstil i frå 2003 til 2012
Master thesis
Published version
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2438699Utgivelsesdato
2013Metadata
Vis full innførselSamlinger
Originalversjon
Cowles, A. Aa. Kva står i VG? : ei analyse av korleis VG konstruerer diskursane trening og helse innan diskursorden livsstil i frå 2003 til 2012. Master thesis, Telemark University College, 2013Sammendrag
I denne masteroppgåva har eg undersøkt korleis VG konstrurerer diskursane helse og trening innan diskursorden livsstil i perioden 2003 til 2012 med utgongspunkt i mediatekstar henta frå søkjemotoren Atekst. I analysen av artiklane har utgongspunktet vore å tolke diskursane trening og helse i VG og sjå i kva grad dei blir konstruert i denne perioden. Eg har òg sett etter i kva grad representerer artiklane tabloide trekk og bruken av stereotypier. Avisartiklane er valt ut på bakgrunn av eit samspel mellom overskrift, ingress og brødtekst. For å få svar på problemstillinga har eg tatt utgangspunkt i sider av Norman Faircloughs kritiske diskursanalyse som teori og metode, og enkelte av Pierre Bourdieus teoretiske perspektiv. Denne kvalitative diskursanalysa viser at helse- og treningsdiskursen er med på å konstruere diskursorden livsstil ved at alle dei analysera avisartiklane i dette studiet fokuserar på dei utvalte diskursane. Treningsdiskursen er den diskursen som i større grad er synleg i dette studiet enn helsediskursen. Det kjem til syne i artiklane gjennom fokuset på trening som ein måte å gå ned i vekt på, få ein veltrent kropp, få betre helse og få ein sunn livsstil. Det som òg kjem til syne ved analyseringa er korleis symbolsk kapital er eit sentralt punkt i visse arbeidsfelt. Studiet viser at dei tabloide trekka er svært synlege i artiklane og er med å konstruere artiklane i forhold til korleis dei blir framstilt. Dette kjem til syne i artiklane i bl.a. stort fokus på form i staden for innhald, individorienterte historiar og underhaldning. Dette heng saman med det aukande kravet om økonomisk gevinst i den tabloide pressa. Stereotypier er i varierande grad tilstade i fleire av artiklane, men ikkje i alle. Spesielt er kjønnsstereotypier synlege og då retta mot det mannlege kjønnet. Det rettar seg mot at mannlege næringslivsledarar må vera veltrente for å signalisere kontroll og med eit ynskje om oppnå symbolsk kapital. Avisartiklane viser for meg at dei alle er ein del av den sosiale verda ved at dei konstruerar denna verda. Dette innebærer at journalistar er ikkje upåverka av det som skjer i samfunnet med eit auka fokus på å sjå veltrent og slank ut. Kven journalist som står bak dei ulike artiklane er ikkje utan betydning i forhold til sakleghet og truverdighet i artiklane.