Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTillung, Tina
dc.date.accessioned2016-09-21T07:27:59Z
dc.date.accessioned2017-04-19T13:06:42Z
dc.date.available2016-09-21T07:27:59Z
dc.date.available2017-04-19T13:06:42Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.citationTillung, T. Tradisjon i fornying: Ei studie av folkekunst mellom tradisjon og fornying. Master thesis, University College of Southeast Norway, 2016
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2438673
dc.description.abstractTradisjon er noko som ligg meg nær! Eg meiner at kulturvern kan gje grunnlag for identitet og rotfeste, og at dette skapar forståing av at eigne tradisjonar representere noko verdifullt. For meg er det viktig å både ta vare på tradisjonar og å forsøka å skapa nye. Jamvel om utgangspunktet for avhandlinga sprang ut i frå eit personleg ynskje om å formidla eit kulturinnhald som eg fryktar med tida kan står i fare for å bli borte, er intensjonen at undersøking gjennom skapande arbeid skal gje meg innsikt i kulturelle og psykologiske prosessar som oppstår i samband med kulturformidling. Eg har eit ynskje om å utvikla ein djupare didaktisk kompetanse som kan hjelpa meg å legga til rette for eit større rom for skapande prosessar i samband med kulturformidling i faget kunst og handverk. Mastergradsavhandlinga vil på grunnlag av dette vera prega av eit kulturdidaktisk perspektiv. Undersøking gjennom eige skapande arbeid tek utgangspunkt i Else Marie Halvorsen sin kulturformidlingsdidaktikk. I dette arbeidet bruker eg folkekunst som middel til å granska forholdet mellom «har»- og «er i»-kultur. Eg har valt å ta utgangspunkt i noko som har oppstått og eksistert i fortida. Ved å la tradisjonen inngå i eit samspel med det eg omgjev meg med, opnar eg for eit møte mellom de to kulturformene i eige skapande arbeid.
dc.language.isonno
dc.publisherHøgskolen i Sørøst-Norge
dc.subjectfolkekunst
dc.subjecttradisjoner
dc.subjectkulturformidling
dc.titleTradisjon i fornying: Ei studie av folkekunst mellom tradisjon og fornyingno
dc.typeMaster thesis
dc.description.versionPublished version
dc.rights.holder© Copyright The Author. All rights reserved
dc.subject.nsi123


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel