Show simple item record

dc.contributor.advisorBrandal, Solveig
dc.contributor.authorKnudsen, Kjersti Mydland
dc.date.accessioned2024-04-17T16:41:29Z
dc.date.available2024-04-17T16:41:29Z
dc.date.issued2023
dc.identifierno.usn:wiseflow:6963329:56638676
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3127107
dc.description.abstractI denne studien i norskdidaktikk undersøker eg korleis lærarar i vidaregåande skule vurderer munnlege ferdigheiter i elevproduserte podkastar i norskfaget. Det er òg problemstillinga for oppgåva, og tre forskingsspørsmål bidreg til å belyse denne: Kva munnlege ferdigheiter legg lærarar vekt på i responstekstar til elevane? Kvifor legg norsklærarar vekt på desse munnlege ferdigheitene? Kvifor nyttar norsklærarar elevproduserte podkastar i opplæring og vurdering av munnlege ferdigheiter? For å finne svar på problemstilling og forskingsspørsmål har eg utarbeidd eit forskingsdesign der eg tek i bruk kvalitativ forskingsmetode der tolkingsarbeidet har ei hermeneutisk tilnærming. Eit sosiokulturelt læringssyn ligg til grunn for studien. Materialet eg har samla og analysert er todelt og består av responstekstar frå lærarar som underviser i vidaregåande skule, og der responstekstane er skrivne som vurdering til elevproduserte podkastar i norskfaget. For å forstå meir av korleis lærarar arbeider med vurdering av munnlege ferdigheiter i praksis, har eg supplert med semistrukturerte intervju av dei same lærarane. Resultata tyder på at lærarane er einige i at podkastar er eit veleigna medium for læring og vurdering av munnlege ferdigheiter. Dei ser podkast som ei tidssparande vurderingsform som gir tryggleik og engasjement for elevane. Lærarane meiner at både munnleg og fagleg nivå tydeleg kjem fram i elevproduserte podkastar. Lærarane sine vurderingar av munnlege ferdigheiter i podkastar viser at dei vektlegg fagleg innhald og bruk av fagspråk. Samtaleferdigheiter og lytteferdigheiter blir òg trekt fram som viktige munnlege ferdigheiter, sjølv om det varierer i kva grad lærarane vurderer desse aspekta. Nokre lærarar peiker på at podkasten eignar seg særskild for utforskande samtaler. Datamaterialet viser likevel at lydlege affordansar, som nokre aspekt ved stemmebruk, ikkje alltid vert vektlagt i responstekstane. Dette kan skuldast at lærarane er forsiktige med å gje respons på stemmebruk, fordi det kan opplevast som personleg og difor sårbart. Eit viktig funn i oppgåva er at responsen varierte mellom å vere detaljert, konkret og utfyllande, og kort og generell. Lærarane rapporterte at innspelingsmoglegheitene bidreg til at dei får betre ro og tid i vurderingsarbeidet, og difor kan vere meir presise og grundige i responsen til elevane. Oppgåva reiser òg spørsmål om munnlegheit formidla gjennom podkastar kan vere ein måte å møte framtida sitt teknologiske klasserom, der generativ kunstig intelligens og samtalerobotar skapar utfordringar og moglegheiter knytt til undervisning, læring og vurdering.
dc.description.abstract
dc.languagenno
dc.publisherUniversity of South-Eastern Norway
dc.titleFrå læreplan til praksis: Munnlege ferdigheiter i podkastar. Ein kvalitativ studie av korleis lærarar i vidaregåande skule vurderer munnlege ferdigheiter i elevproduserte podkastar i norskfaget
dc.typeMaster thesis


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record