Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFlo, Jarle
dc.date.accessioned2020-08-25T12:34:56Z
dc.date.available2020-08-25T12:34:56Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2673964
dc.description.abstractDenne undersøkinga set først søkelyset på karrierelæringsprosessen, og på kva grunnlag eleven gjer sitt val til vidaregåande utdanningsprogram. Elevar si oppfatning av korleis valprosessen har føregått, ei meining om yrkes- og utdanningsorienteringa i grunnskulen, faget utdanningsval og deira erfaringar i karriereplanlegginga fram mot avgjerdsfasen, kan gje eit grunnlag for å undersøke årsaker til omval. Det opphavelege valet, og resonnementet bak det, er i dette tilfellet viktige opplysningar å få fram for å kartlegge årsaker til det som i ettertid viste seg å bli eit val som måtte revurderast. Kva var det som eigentleg låg bak valet, kva var dei viktigaste motiva, og kvifor? For meg har det vore viktig å avklare kva og kvifor før ein kan drøfte korleis omval kan forståast. I den grad det eksisterer «mainstream» inn mot einskilde utdanningsprogram, ønskjer eg å høyre om omvalselevar eventuelt er bevisste på slike mekanismar, og deira oppfatning av kvifor det er slik. Utløysande faktorar til omvalet kan jamvel finnast i skulemiljøet etter overgangen til vidaregåande, i læringsmiljøet, det sosiale samspelet eller i praksisperiodar. For nokre elevar er det gjerne meir snakk om å velje bort enn å velje om. Forsking viser samstundes til at omvalet kan ha meir samansette årsaker (Buland, Bungum & Dahl, 2015). For å forstå omval, kan det difor vere til stor hjelp å grave i slike samansette årsaker, i tillegg til å kartlegge dei utløysande faktorane. Elevane si modning og karrierelæring utviklar seg i ulik fart, og grunnlaget for å ta sjølvstendige utdanningsval vil variere hos kvart einskild individ. I eit systemperspektiv blir det peika på korleis eleven må tilpasse seg dei rammene opplæringa tilbyr. I eit læringsperspektiv må vi sjå på korleis skulen møter eleven. Gjennom intervju ønskjer eg å få fram omvalselevar sine vurderingar og refleksjonar kring utdanningsval generelt, og omval spesielt, på leit etter ulike måtar å forstå eit omval på.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherUniversitetet i Sørøst-Norgeen_US
dc.subjectkarriereveiledningen_US
dc.subjectvideregående skoleen_US
dc.title«Omval – tilval eller fråval?» Ein kvalitativ studie av omvalsprosessar i vidaregåande skuleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000en_US
dc.source.pagenumber93.en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel