Byregionen Volda-Ørsta. Utfordringar og moglegheiter for regional utvikling og attraktivitet
Working paper
Published version
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2439715Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Regional utvikling [313]
Originalversjon
Grimsrud, G.M., Nygaard, M.O., Straume, K. & Vareide, K. Byregionen Volda-Ørsta. Utfordringar og moglegheiter for regional utvikling og attraktivitet. Volda: Møreforsking, 2015Sammendrag
Kommunane Volda og Ørsta vurderer å gå saman om å danne den fjerde byen i Møre og Romsdal. Denne rapporten handlar om kva moglegheiter og utfordringar ei slik satsing kan føre med seg for byområdet Volda-Ørsta på den eine sida, og for forholdet mellom Volda-Ørsta og nabokommunane på den andre. På bakgrunn av intervju med kommunalt tilsette i 11 kommunar i Volda-Ørstaregionen, meiner vi at kommunane i indre del av regionen står fram som positive til samhandling for ei slik utvikling, medan dei i ytre er meir skeptiske. Vi peiker vidare på at Volda-Ørsta ligg i ein region som opplev seg sjølv som polysentrisk, og at eit utfordringsområde kan vere å finne felles strategiar for å behalde og styrke det som blir sett på som eit gode ved regionen; nemlig at dei ulike sentraa er ulike og dels har komplementære funksjonar, tilbod og image. Ei einsidig satsing på å styrke Volda-Ørsta vil kunne oppfattast som ein strategi for å lage «Ålesundlight». Til slutt peiker vi på at Volda-Ørsta bør sjå sin posisjon ikkje berre i forhold til Søre Sunnmøre, men også i forhold til Ålesundsregionen og til resten av omverda.